onsdag 20. mai 2015

"Grill ein kristen"

Torsdag 07. mai. hadde vi "grill ein kristen" på VOKS
Vi samlast i kantina på BK.



I panelet var Fredrik Lingås, Bjørn-Inge Aurdal, Anders Nybakk og Natalia Groot


Vi var rundt tretti frammøtte med mange spørsmål rundt tru, tvil og livet generelt.

Bjørn-Inge les opp spørsmåla som kom inn på mobilen og Anders gjer seg klar til å svare etter beste evne.

Natalia svarar på kva som er forskjellen mellom synd og fristelse


Anders reflekterar rundt svaret Natalia gir.


Det var ein kveld der ein fekk inn mykje spørsmål, og det var interesant å sjå kor dei kristne tenkte rundt nokre av spørsmåla. Vi fekk diverre ikkje moglegheit til å svare på alle spørsmåla som kom inn, men mange vart att etter "grillinga" å forsatte diskusjonen med dei som sat i panelet.
Spørsmåla varierte veldig ifrå dei som var enkle å svare på som; "Kvifor velje kristendommen og ikkje t.d. islam eller hinduismen?", til dei spørsmåla som ein ikkje kan gi noko svart/kvitt svar på som, "Hvorfor er mange kristne imot abort? Er det ikke bedre å ta abort hvis man vet at barnet ikke får en god oppvekst?  For eks. hvis mor/far er rusmissbrukere.

Til dei som ikkje følte at dei fekk svar på spørsmåla sine, oppmodar vi dykk til å ta opp spørsmåla med vener de veit er kristne. Det er betre å stille spørsmålet å få svar, enn det er å anta kva andre tenkjer!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar