onsdag 20. mai 2015

"Grill ein kristen"

Torsdag 07. mai. hadde vi "grill ein kristen" på VOKS
Vi samlast i kantina på BK.



I panelet var Fredrik Lingås, Bjørn-Inge Aurdal, Anders Nybakk og Natalia Groot


Vi var rundt tretti frammøtte med mange spørsmål rundt tru, tvil og livet generelt.

Bjørn-Inge les opp spørsmåla som kom inn på mobilen og Anders gjer seg klar til å svare etter beste evne.

Natalia svarar på kva som er forskjellen mellom synd og fristelse


Anders reflekterar rundt svaret Natalia gir.


Det var ein kveld der ein fekk inn mykje spørsmål, og det var interesant å sjå kor dei kristne tenkte rundt nokre av spørsmåla. Vi fekk diverre ikkje moglegheit til å svare på alle spørsmåla som kom inn, men mange vart att etter "grillinga" å forsatte diskusjonen med dei som sat i panelet.
Spørsmåla varierte veldig ifrå dei som var enkle å svare på som; "Kvifor velje kristendommen og ikkje t.d. islam eller hinduismen?", til dei spørsmåla som ein ikkje kan gi noko svart/kvitt svar på som, "Hvorfor er mange kristne imot abort? Er det ikke bedre å ta abort hvis man vet at barnet ikke får en god oppvekst?  For eks. hvis mor/far er rusmissbrukere.

Til dei som ikkje følte at dei fekk svar på spørsmåla sine, oppmodar vi dykk til å ta opp spørsmåla med vener de veit er kristne. Det er betre å stille spørsmålet å få svar, enn det er å anta kva andre tenkjer!

fredag 1. mai 2015

Filmkveld på VOKS

På torsdag hadde vi filmkveld, vi var så heldige at Anders, Sondre og Thomas åpna dørene sine for alle som ville kome.
Filmen vi såg var; "amazing grace".
Filmen handlar om William Wilberforce som på 1700-talet tok eit opprør mot den tid sin slavehandel.
Han kjempa heile livet mot makteliten som ikkje ville avskaffe slaveriet, ein kamp som til tider verka håplaus.
Det er ein film som kan anbefalast på det sterkaste!
Etter filmen hadde vi samtalegrupper der vi drøfta temaet i filmen.
Ein kan spørje seg sjølv om ein hadde holdt ut kampen som Wilberforce tok på seg, og kva som stoppar ein i å prøve.
Sanninga er at sjølv om Wilberforce til slutt vann kampen og fekk gjennomslag for lovendringa si om å forby slaveriet, så fins det fortsatt slavar idag.
Våre godar byggjar på at andre skal leve i slaveri, i verda i dag anslår ein at det fins 35 800 000 slavar
Av dei har politiets koordineringeining i 2012 og 2013  identfisert 525 mennekjer som offer for menneskehandel i Noreg
Dette er truleg berre toppen av isfjellet.
Ifølge statetikkane vert berre 1% av verdas moderne slavar befridd frå sin fangenskap.
Resten av dei kjem til og døy som slavar, og nokre av dei kjem til å døy i Noreg.
Det verkar motlaust, og ein kan fort få tanken; "men kva kan eg gjere med dette?"
Noko som du kan gjere er å setje av dagen 1.aug. 2015.
Bestillein bilett til ein dag (en dag) og vis standpunktet du tek mot moderne slaveri!


Bilett til dette arrangementet kan bestillast her.

Om du ikkje har høve til å komme den første august, er det mykje ein kan gjere i kvardagen og.
Med at du er bevisst på kva klede og kva mat du kjøper kan du vere med på å støtte dei som gjer ein forskjell.
Dei som ser til at arbeidarane får den løna dei fotjener, og ikkje vert underbetalt og mishandla for vår skuld.
Dette kan ein gjere med å passe på at maten ein kjøper er fairtrade, eller eventuelt norsk mat.
Clean Clothes Campaign er ein internasjonal allianse som i følgje seg sjølv "(...) jobbar for å forbetre arbeidsforholda og støtte arbeiderane sin innverjnad i den globale klesindustrien" ("Tailored wages; s. 2) Dei har sidan 2004 ein rapport kvart år, som avdekkar arbeidsforholda og lønnsnivået i klesindustrien. Dei gir og ei oversikt over korleis  globale bedrifter i bransjen behandlar denne problematikken, og gir dei vurdering ut i frå dette.
 rapporten finn du her
Frå side 17 finn du kva bedrifter som jobbar for at arbeidarane skal få gode levevilkår og lønsnivå
Det som er trist er at igen av dei bedriftene som er lista vart merka grøne.
Som hadde vore bedrifter som gjer utmerka arbeid mot å sikre leveløn for arbeidarane  og ka  demonstrere dette med auka løningar.

Du kan og verte fast givar til organisasjonar som motarbeidar menneskehandel i dag.
Korleis du kan bli dette finn du her.
Du kan gjere ein forskjell.
Ver viss på den makta du har til å stå imot urett.

Ellers vil vi berre oppmode deg til å gjere ein forskjell i kvardagen for dei du har rundt deg.
Eit smil, nokre vennlege ord, eller kanskje eit kaffibesøk kan vere med på å gjere kvardagen til dei du har rundt deg mykje betre!
Tørr å bry deg!
Våg å engasjer deg!
Gjer verda til ein betre stad der du er!