mandag 16. mars 2015

Bibelstudie på VOKS


Grunna mykje på agendaen dei siste vekene har det desverre vore lite oppdateringar på bloggen.
Så for at du skal få eit lite innblikk over kva vi har gjort på i den siste tida kjem det her ei lita oppdatering.



Torsdag 19. februar hadde vi gleda av å få besøk av Bjørn-Inge Aurdal som hadde Bibelstudie på VOKS.
Bibelteksten vi tok for oss var Rom. kap.12



Teksten i Rom. kap. 12. er ei bøn om at sidan vi har fått all den nåden som verte nemd i kapittela før så skal vi leve eter Guds vilje. Det som vart umulig for lova, gjorde Jesus mogleg ved å dø på korset.
 Når Gud elska oss så høgt at Han sende son sin til forsoning for våre synder, får det konsekvensar for vårt liv. Vi lev under nåden, og vert difor oppmoda til å leve livet vårt til glede for Gud. Dette gjer vi med å elske nesten vår som oss sjølv. Paulus oppmodar oss i vers 20 til å gi fienden din mat om han er svolten, og om han tørst skal du gi han å drikke.
Dette er sterke ord, som gav oss alle noko å reflektere rundt.


Etter at alle hadde tatt føre seg Bibelteksten, og funne ut ting som fanga deira merksemd, samlast vi i grupper rundt borda og delte det vi hadde sett. Det vart rom for både spørsmål og deling av ting vi beit oss merke i. Vart med andre ord mykje reflektering rundt borda 


Etter at vi var ferdige med å dele det vi hadde sett i Bibelteksten, hadde vi fantastisk lovsong.

Med andre ord ein kveld det var verdt å få med seg!




Torsdag 12.mars starta vi med å strategimøte i VOKS.

Der vart det fleirtal i å endre § 9a, som sa at styret skulle vere samansatt av 5-7 personar.
Grunnen til at denne paragrafen vart endra er at det i § 9b står at over halvparten av styret bør vere att etter utbytting av styret, og sidan det er mange i styret som skal flytte til hasten kom vi fram til at ein av § burde endrast.


§9a er no: Styret i VOKS bør vere samansatt av minimum fem medlemmer, men styret sjølv avgjerd kor mange medlemmer ein har behov for. Følgjande verv bør vere med: Leiar, Nestleiar, Økonomiansvarleg, VKSansvarleg og PR-ansvarleg.


Før møtet kunne starte vart alle utfordra til å gå rundt til tre personar å fortelle dei noko dei satt pris på med kvarandre


Einar Reite som er ungdomspastor i Eben Eser kom å informerte om Raidiance experience som skal vere i Volda helga 21 og 22 mars.


Sidan det var delekveld så valte vi og ikkje ta bilde frå sjølve møtet.




Under strategimøtet vart styret vedtatt med fleirtal.
styremedlemmane er; (bak frå venstre) Truls Nikolai Bru (VKS og Standansvarleg),
Andreas Solbakken (PRansvarleg), Bertine Bø  (sækreter,misjon -og Bibelgruppeansvarleg),
Aslaug Eide(Økonomiansvarleg), Katarina Aabrekk (lovssongsansvarleg), Ola Hellenes (Standansvarleg)
og framme sitt Janne-Renate Nygård (leiar)
ikkje tilstades når bilete vart tatt; Ina-Kristine Rykkelid (nestleiar) og Sofia Urnes Fagerheim (sosialansvarleg)

onsdag 11. mars 2015

Eivind Landro på VOKS

Velkomen skal alle vere på bedehuset no på torsdag!
Eivind Landro kjem til oss for å snakke om døden og Guds rike, og det blir bra.
Dette er ein super moglegheit viss du lurer litt på disse temaene! Viss du bare vil henge er det óg lov, men vi håper iallefall å se deg på VOKS ;)