tirsdag 10. februar 2015

Lovsang og delekveld!


Velkomen til VOKS på torsdag, den dag, 
då skal vi ha det så hyggeleg ilag! 
Lovsang og delekveld skal det være, 
i tilegg til strategimøte kan vi kaker fortære. 
Vi vonar å sjå kvar og ein, 
det startar 19:30, bli ikkje sein!

lørdag 7. februar 2015

Bollebaking med noko attåt i VOKS


På torsdag laga vi fastelavensbollar på VOKS. 
Det var mange nye som kom til VOKS, så medan vi venta på at deigen skulle heve fann Ola ut at vi kunne ha nokre leikar saman, for at vi kunne verte bedre kjend med kvarandre.


Etter ei runde med "funky chicken",  gjekk vi vidare til leiken "bunny bunny, bunny bunny".
Dette gjorde at dei fleste fort trakk på smilebandet, og sjølv om det var ein smule kleint, så var det ei grei døropnar til å bli kjend med nye.

Etter intens leiking, var bolledeigen endeleg ferdigheva.


Noko som gjorde at alle fekk leitt fram "husmora" i seg, og heiv seg
over bolledeigen med stor entusiasme.

 Her er Sunniva og Tonje i full sving med bollebaking.



Det gav og rom for småsnakk, med dei ein ikkje hadde helst på før.

Ein fantastisk gjeng i full sving, nokon meir ivrige til å bake enn andre.

Så vart bollane satt til heving, og medan dei vart steikt satt vi oss rundt
småbord og holdt på med quis.

Dei første spørsmåla var i historie, etterfulgt av geografi, kultur, diverse og året 2014.

Konkuranseinnstinktet tok over hjå dei fleste.

Den andre delen av quissen var bilete av VOKSerar, og søsken til VOKSerane.
Så då skulle ein ut ifrå bileta kunne tippe kven som var avbilda.

Janne  kjempegira på å lese opp fasiten.

Etter opplesing av resultata var bollane ferdigsteikte. 

Noko som gjorde at folket strauma til.



Ekte fastelavensbolla med mykje krem.

Skrytebilete av kor fantastiske bollane vart.

Eit bilete seier meir enn tusen ord, og som ein kan sjå på dette bilete smakte bollane fortryllande.

Medan vi åt bollar, hadde Ola andakt. Han snakka om kva det vil seie å leve som ein disippel,
med utgangspunkt i Peter. Korleis det er viktig å forstå at det Jesus som gav livet sitt for oss, og at han ikkje forventar at vi skal kunne elske han på same måte som han elska oss. Vi skal leve livet vårt for Jesus, men om vi prøvar å elske Jesus med den same kjærleiken som han elska oss med vil vi ikkje strekke til. På same måte som Peter opplevde at han ikkje strakk til. Når han sa at han var villig til å døy for Jesus, men same natta fornekta at han kjende Jesus tre gonger. Ola viste og korleis Jesus møtte Peter i etterkant av at Peter svikta.

Ola avslutta med Bibelverset 1Joh 4:10 
"Ja, dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska Gud, men at han har elska oss
          og sendt sin eigen Son til soning for syndene våre."

Etter andakta vart det tid for meir snakking rundt borda. Ein fantastisk kveld, med mange herlege folk!

tirsdag 3. februar 2015

Studentforum 2015

Denne helga var det studentforum på Bjorli, temaet for helga var "Disippelliv". Frå VOKS reiste ti av medlemmane, der det diverre berre var to av studentane som hadde moglegheita til å reise slik at dei var der når studentforumet starta på torsdagen.På forumet var det rundt hundre studentar og lagsansatte ifrå heile landet.



På torsdag var det innlosjering, teambuilding og Bibelstudie som stod på programmet
Kvelden vart avslutta med møte der  Bjørn-Inge Aurdal, som er lagsansvarleg i Møre og Romsdal, hadde ei andakt. 

Bjørn-Inge Aurdal med ein namnebror han kom godt overens med.
Som ein kan sjå så stortrivs dei begge i kvarandre sitt selskap!
.


Fredagen starta med induktivt Bibelstudie, der ein gjekk saman i grupper og las tekster henta ifrå Efeserbrevet i fellesskap, dette var gjort vart gjort ved hjelp av heftet; "SE! TENK! LEV!", som er ei innføring av induktive Bibelstudier. Dette gjorde at vi fekk granska tekstane, og reflektert rundt innhaldet i fellesskap.

Etter ein stille lunsj, var det skibakken som var hovudfokuset for ein del av studentane.
Når dei alle hadde fått seg eit lite pust i bakken, så samlast vi igjen til seminar. Der alle seminara etter rykta var verdt å få med seg!


Når kveldsroa hadde senka seg var det duka for møte, der Tove Tuntland hadde ei andakt, før kvelden vart avslutta med veldig underhaldande improteater, der nokre av studentane fekk vist sine ukjendte teatertalent.

Tonje Ådnanes, Anders Slinning og Sondre Stensbøl, tidleg ute for å sikre seg dei beste plassane.



Laurdagen starta på same måte med induktiv Bibelstudie, avslappning, og stille lunsj før det bar ut i skibakken for dei mest ivrige skientuiastane. Med tane på at dei fleste som var med ifrå Volda studerar friluftsliv så var dei klar til å springe til skitrekket før dei fleste av oss andre hadde vakna skikkeleg enda.

Etter skibakken var det duka for nettverksamlingar. Dette var gjort slik at leiarane for dei forskjellege studentlaga som var representerte samla seg, dei som skal jobbe med aksjonveker samla seg og dei som ville vite meir om korleis Bibelstudie "Uncover" kan brukast og fungerar samla seg. 
Det var veldig givande å få reflektert saman med andre, og møtast på tvers av studentlaga å fortelje korleis ein jobbar på sin studiestad.



Når Middagen var vel fordøyd, var det kveldsmøte, der Therese Thelle hadde andakt. 

Dei fantatsiske lovsongarane
                                                                                    .



Anders Slinning, gira på møte som vanleg.



Etter møtet var det fritid der ein fekk moglegheit til å verte betre kjent. Denne kvelden vart brukt til mykje fjasing, som bilda nedover vil vise.




Sondre Stensbøl og Janne-Renate Nygård visar fram sine sjarmerande trekk.
                       



Kvelden gjorde òg at Anders sine sjarmerande trekk kom synleg fram.



Tonje Ådnanes vart inspirert av dei andre til òg å vise seg ifrå si beste side.




Sjølv om dei fleste av oss var mest frista til å sove bort søndagen, så kom vi oss opp. Dagen starta med induktiv Bibelstudie, og etter at vi var ferdig med å pakke var det duka for møte. Der var det Tor Erling Fagermoen som hadde andakta. Når den var ferdig var det middag, før avskjedsrunda starta.

Voldagjengen poserar som bjørnar, nokon meir vellukka i forsøket enn andre.


Dette har vore ei fantastisk helg! Det å kunne møte studentar som på mange måtar har dei same utfordringane og spørsmåla som ein bèr på sjølv, er verkeleg noko som alle bør få oppleve!
Så om du ikkje fekk moglegheita til å vere med på studentforum i år, så anbefalar eg deg på det sterkaste å gjere deitt beste for å få det med deg iløpet av studietida di.
Det vert ei langhelg du ikkje vil angre på!