søndag 13. desember 2015

GOD JUL / Happy x-mas

Ei julehelsing
The English version are under the norwegian version .. 

Dette semesteret har bloggaren frå Voks feila skikkelig i å halde sida oppdatert med ting som har skjedd på Voks-møta , Sanninga er at tida har teke rakettstøvlane på og gått på eit sekund .

uansett , eg beklagar på det sterkaste at eg / vi har vore dårlege på å oppdatere bloggen, og håpar på at etter jul at blogginga kjem oftare og med meir innhald enn dei blogginnlegga som har vore no i haustsemesteret.

Likevel så har eg lyst å dele noko med dykk som eg tenkjer er greit å tenkje på no i jula.

Eit lite mirakel ved navn Jesus kom til eit lite land i ein stall for å bli vår Frelsar.

Det er lett og gløyme midt i julekaoset med shopping i kvar butikk og finne ut kva gåve ein bør kjøpe , kven bør eg kjøpe gave til , bør eg ha nokon ekstra i tilfelle nokon andre har kjøpt til meg og det hadde ikkje eg tenkt på ?


Den store grunnen til at vi har VOKS møte er å få bli kjent med Jesus , og det er også viktig å huske midt i ei superstressa tid med eksamen , innleveringer , julehandel , fest, basar , heimreise , heimlengsel og andre ting ..

Uansett så ville eg berre seie at eg/ vi håpar alle dykk som les bloggen her , fyller oss , er med på møter, er nyfikne på oss , Uansett kva forhold du har til oss , håper DU får ei fredeleg og velsigna jul og at vi sjåast etter jul

- Bloggskrivaren dykkar ...

A christmas greeting

this blog-writer has failed big-time in keeping you updated with the things that have happend throughout this VOKS-semester. The truth is that the time has flown by with the speed of light .. 

Anyways, I am deeply sorry for the lack of updates her on this blog , and my biggest hopes are after christmas the updates will be more and longer than the post  from this semester . 

Still , I want to share somethings that are okay to think about now in this soon to be christmas-times 

A small miracle by the name Jesus was born in a manger in a small country to become our saviour . 

That is quite easy to forget now in a period full of exams , christmas-chaos , parties, holidays .home-journeys. 


The biggest reason for us to have VOKS is actually to get to know Jesus . 

Anyways I would like to say that I/ we hope tha all of you that have read this blog , follow us , joins the meeting , are curious , no matter how you relate to us , I/we hope you have a blessed and peaceful Christmas and that we will meet after x-mas 

- Your blogwriter ...

mandag 28. september 2015

sort of an update !

Når eg lovar meir enn kva eg kan halde # den kjensla
Eg beklagar på det djupaste for å ikkje vere flinkare å oppdatere bloggen meir jamnleg . For du som sit og lengtar etter ei oppdatering her er ei samling av bilete som viser kva vi har gjort så langt !



When I promise more than I can keep ! # that feeling !

I am so sorry for not updating this blog as frequently as I should. For you that sits and ackes for updates here is a gathering of photos of what we have done so far !



 Frå blikjentkveld/spelekveld

 Bibelstudie i Hønsehuset!
( biblestudy in "Hønsehuset"!
Bibelens relevans og truverd me Anders Aschim
The Bible  relevance and credibility

Misjon- kva er greia ? 
what's the thing with mission? 

Å for dykk som fekk lyst å bli med på eit møte så skal vi ha neste møte på Torsdag på bedehuset

and for those of you wanting to come next meeting we will meet at Bedehuset on Thursdag 19:00

onsdag 26. august 2015

Ny start på eit nytt år :)

(english translation is after the norwegian . just scroll down:) ) 

No er endeleg skuleåret 2015/16 godt i gong og vi i VOKS har starta opp !

Vi åpna det nye skuleåret med "Grilling på Årneset." Vi var heldige med været , sol og blå himmel , og mange møtte opp for å delta på "bli-kjent-leikane."



Vi starta det heile med å sitje i en ring der vi fekk ein liten introduksjon til kva VOKS og KRIK eigentleg er , Og Lillian hadde då ein leik for at vi alle skulle bli kjende med navna til kvarandre.



Vi hadde mange bli-kjendt leikar og mykje sosialt etter tid også. Noko som gjorde at folk kunne mingle med nye andlet , eller dei gamle kjenningane sine.  Mykje latter og smil fylde denne kvelden, og som sjølv tilskodar tykkjer eg at alle hadde det kjekt i lag.

Kva er vel finevêr utan grilling?
Så grillen blei oppfyrt og vi kunne få litt påfyll etter kjekke aktivitetar.



Etter ei stund var det dags for litt åndeleg påfyll og Anders Nybakk delte og snakka litt rundt Matteus. 6,33-34:

. 33 Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg. 34 Ver difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt. Kvar dag har nok med si møde.

Eit viktig bibelvers som er godt å ta med seg i kvardagen.


Laget kom å gav ein introduksjon til kven dei er. Og dei vil også vere med på nokre av hendingane som VOKS skal ha i år, så ein har endå sjans til å bli betre kjend med dei også !

Heile kvelden vart avslutta med Stratego og meir hygge !

Ein kosleg kveld som gav ein pangstart  på dette skuleåret, vi gler oss til forsetjinga!
Imorga ,torsdag den 27 august, skal vi ha eit blikjentmøte til nede på Bedehuset og vi håpar at du kjem, meir info ligg ute på facebooksida våra! ¨
Gler oss til å sjå DEG der !






English translation.
Finally the schoolyear 2015/16 is begun and we in VOKS are ready to get it all started

We started this new year with a social event down at Årneset.

A sunny day with barbecuing and alot of "get-to-know eachother-games"

We started by sitting in a circle where we got to know what "VOKS" and KRIK stands for and wheir program for




We opened the new school year with "Grilling on Aarneset." We were lucky with the weather, sunshine and blue skies, and many showed up to attend the "ice-breakers-games.

We started the whole thing  in a ring where we got a little introduction to what VOKS and KRIK actually are, Then Lillian had a game that made us to get to know eachother names

We had many "get-to-know-eachother games "and alot of social time inbetween .Something that enabled people to mingle with new peole or getting an update from persons the hadn't seen in a while . The mood was light and laughter and smiles was on everyone faces.

But what is nice weather in Volda without some barbecuing?
The grill was set and we could all enjoy some food after all the games.

After a while it was time for some spiritual food and Anders Nybakk  shared and talked a little about Matthew. 6.33 to 34:

33 But seek first his kingdom and his righteousness, and all these things will be given to you as well. 34 Therefore do not worry about tomorrow, for tomorrow will worry about itself. Each day has enough trouble of its own.

An important Bible verse which is good to take with them in everyday of out life.
Laget" also came and gave an small introduction on what they do and they will be with us on some events that is going on this schoolyear.
 The evening ended with an game called Stratego and more joy

An enjoyable evening and we are looking forward to more joy and get to know eachother this schoolyear.

Don't forget that Tomorrow ( Thursday 27th of August) We will have a social event in "Bedehuset" in Volda , Looking forward to see you there ! :)

søndag 26. juli 2015

17.mai-feiring!

Her er nokon flotte blinkskudd frå 17. mai! :D



 I god gammeldags VOKS-ånd startet vi dagen med en feiring på Bøen.

Eit flott gruppebilete!

Fleire bilete kjem snart! 

onsdag 20. mai 2015

"Grill ein kristen"

Torsdag 07. mai. hadde vi "grill ein kristen" på VOKS
Vi samlast i kantina på BK.



I panelet var Fredrik Lingås, Bjørn-Inge Aurdal, Anders Nybakk og Natalia Groot


Vi var rundt tretti frammøtte med mange spørsmål rundt tru, tvil og livet generelt.

Bjørn-Inge les opp spørsmåla som kom inn på mobilen og Anders gjer seg klar til å svare etter beste evne.

Natalia svarar på kva som er forskjellen mellom synd og fristelse


Anders reflekterar rundt svaret Natalia gir.


Det var ein kveld der ein fekk inn mykje spørsmål, og det var interesant å sjå kor dei kristne tenkte rundt nokre av spørsmåla. Vi fekk diverre ikkje moglegheit til å svare på alle spørsmåla som kom inn, men mange vart att etter "grillinga" å forsatte diskusjonen med dei som sat i panelet.
Spørsmåla varierte veldig ifrå dei som var enkle å svare på som; "Kvifor velje kristendommen og ikkje t.d. islam eller hinduismen?", til dei spørsmåla som ein ikkje kan gi noko svart/kvitt svar på som, "Hvorfor er mange kristne imot abort? Er det ikke bedre å ta abort hvis man vet at barnet ikke får en god oppvekst?  For eks. hvis mor/far er rusmissbrukere.

Til dei som ikkje følte at dei fekk svar på spørsmåla sine, oppmodar vi dykk til å ta opp spørsmåla med vener de veit er kristne. Det er betre å stille spørsmålet å få svar, enn det er å anta kva andre tenkjer!

fredag 1. mai 2015

Filmkveld på VOKS

På torsdag hadde vi filmkveld, vi var så heldige at Anders, Sondre og Thomas åpna dørene sine for alle som ville kome.
Filmen vi såg var; "amazing grace".
Filmen handlar om William Wilberforce som på 1700-talet tok eit opprør mot den tid sin slavehandel.
Han kjempa heile livet mot makteliten som ikkje ville avskaffe slaveriet, ein kamp som til tider verka håplaus.
Det er ein film som kan anbefalast på det sterkaste!
Etter filmen hadde vi samtalegrupper der vi drøfta temaet i filmen.
Ein kan spørje seg sjølv om ein hadde holdt ut kampen som Wilberforce tok på seg, og kva som stoppar ein i å prøve.
Sanninga er at sjølv om Wilberforce til slutt vann kampen og fekk gjennomslag for lovendringa si om å forby slaveriet, så fins det fortsatt slavar idag.
Våre godar byggjar på at andre skal leve i slaveri, i verda i dag anslår ein at det fins 35 800 000 slavar
Av dei har politiets koordineringeining i 2012 og 2013  identfisert 525 mennekjer som offer for menneskehandel i Noreg
Dette er truleg berre toppen av isfjellet.
Ifølge statetikkane vert berre 1% av verdas moderne slavar befridd frå sin fangenskap.
Resten av dei kjem til og døy som slavar, og nokre av dei kjem til å døy i Noreg.
Det verkar motlaust, og ein kan fort få tanken; "men kva kan eg gjere med dette?"
Noko som du kan gjere er å setje av dagen 1.aug. 2015.
Bestillein bilett til ein dag (en dag) og vis standpunktet du tek mot moderne slaveri!


Bilett til dette arrangementet kan bestillast her.

Om du ikkje har høve til å komme den første august, er det mykje ein kan gjere i kvardagen og.
Med at du er bevisst på kva klede og kva mat du kjøper kan du vere med på å støtte dei som gjer ein forskjell.
Dei som ser til at arbeidarane får den løna dei fotjener, og ikkje vert underbetalt og mishandla for vår skuld.
Dette kan ein gjere med å passe på at maten ein kjøper er fairtrade, eller eventuelt norsk mat.
Clean Clothes Campaign er ein internasjonal allianse som i følgje seg sjølv "(...) jobbar for å forbetre arbeidsforholda og støtte arbeiderane sin innverjnad i den globale klesindustrien" ("Tailored wages; s. 2) Dei har sidan 2004 ein rapport kvart år, som avdekkar arbeidsforholda og lønnsnivået i klesindustrien. Dei gir og ei oversikt over korleis  globale bedrifter i bransjen behandlar denne problematikken, og gir dei vurdering ut i frå dette.
 rapporten finn du her
Frå side 17 finn du kva bedrifter som jobbar for at arbeidarane skal få gode levevilkår og lønsnivå
Det som er trist er at igen av dei bedriftene som er lista vart merka grøne.
Som hadde vore bedrifter som gjer utmerka arbeid mot å sikre leveløn for arbeidarane  og ka  demonstrere dette med auka løningar.

Du kan og verte fast givar til organisasjonar som motarbeidar menneskehandel i dag.
Korleis du kan bli dette finn du her.
Du kan gjere ein forskjell.
Ver viss på den makta du har til å stå imot urett.

Ellers vil vi berre oppmode deg til å gjere ein forskjell i kvardagen for dei du har rundt deg.
Eit smil, nokre vennlege ord, eller kanskje eit kaffibesøk kan vere med på å gjere kvardagen til dei du har rundt deg mykje betre!
Tørr å bry deg!
Våg å engasjer deg!
Gjer verda til ein betre stad der du er!

mandag 16. mars 2015

Bibelstudie på VOKS


Grunna mykje på agendaen dei siste vekene har det desverre vore lite oppdateringar på bloggen.
Så for at du skal få eit lite innblikk over kva vi har gjort på i den siste tida kjem det her ei lita oppdatering.



Torsdag 19. februar hadde vi gleda av å få besøk av Bjørn-Inge Aurdal som hadde Bibelstudie på VOKS.
Bibelteksten vi tok for oss var Rom. kap.12



Teksten i Rom. kap. 12. er ei bøn om at sidan vi har fått all den nåden som verte nemd i kapittela før så skal vi leve eter Guds vilje. Det som vart umulig for lova, gjorde Jesus mogleg ved å dø på korset.
 Når Gud elska oss så høgt at Han sende son sin til forsoning for våre synder, får det konsekvensar for vårt liv. Vi lev under nåden, og vert difor oppmoda til å leve livet vårt til glede for Gud. Dette gjer vi med å elske nesten vår som oss sjølv. Paulus oppmodar oss i vers 20 til å gi fienden din mat om han er svolten, og om han tørst skal du gi han å drikke.
Dette er sterke ord, som gav oss alle noko å reflektere rundt.


Etter at alle hadde tatt føre seg Bibelteksten, og funne ut ting som fanga deira merksemd, samlast vi i grupper rundt borda og delte det vi hadde sett. Det vart rom for både spørsmål og deling av ting vi beit oss merke i. Vart med andre ord mykje reflektering rundt borda 


Etter at vi var ferdige med å dele det vi hadde sett i Bibelteksten, hadde vi fantastisk lovsong.

Med andre ord ein kveld det var verdt å få med seg!




Torsdag 12.mars starta vi med å strategimøte i VOKS.

Der vart det fleirtal i å endre § 9a, som sa at styret skulle vere samansatt av 5-7 personar.
Grunnen til at denne paragrafen vart endra er at det i § 9b står at over halvparten av styret bør vere att etter utbytting av styret, og sidan det er mange i styret som skal flytte til hasten kom vi fram til at ein av § burde endrast.


§9a er no: Styret i VOKS bør vere samansatt av minimum fem medlemmer, men styret sjølv avgjerd kor mange medlemmer ein har behov for. Følgjande verv bør vere med: Leiar, Nestleiar, Økonomiansvarleg, VKSansvarleg og PR-ansvarleg.


Før møtet kunne starte vart alle utfordra til å gå rundt til tre personar å fortelle dei noko dei satt pris på med kvarandre


Einar Reite som er ungdomspastor i Eben Eser kom å informerte om Raidiance experience som skal vere i Volda helga 21 og 22 mars.


Sidan det var delekveld så valte vi og ikkje ta bilde frå sjølve møtet.




Under strategimøtet vart styret vedtatt med fleirtal.
styremedlemmane er; (bak frå venstre) Truls Nikolai Bru (VKS og Standansvarleg),
Andreas Solbakken (PRansvarleg), Bertine Bø  (sækreter,misjon -og Bibelgruppeansvarleg),
Aslaug Eide(Økonomiansvarleg), Katarina Aabrekk (lovssongsansvarleg), Ola Hellenes (Standansvarleg)
og framme sitt Janne-Renate Nygård (leiar)
ikkje tilstades når bilete vart tatt; Ina-Kristine Rykkelid (nestleiar) og Sofia Urnes Fagerheim (sosialansvarleg)

onsdag 11. mars 2015

Eivind Landro på VOKS

Velkomen skal alle vere på bedehuset no på torsdag!
Eivind Landro kjem til oss for å snakke om døden og Guds rike, og det blir bra.
Dette er ein super moglegheit viss du lurer litt på disse temaene! Viss du bare vil henge er det óg lov, men vi håper iallefall å se deg på VOKS ;)

tirsdag 10. februar 2015

Lovsang og delekveld!


Velkomen til VOKS på torsdag, den dag, 
då skal vi ha det så hyggeleg ilag! 
Lovsang og delekveld skal det være, 
i tilegg til strategimøte kan vi kaker fortære. 
Vi vonar å sjå kvar og ein, 
det startar 19:30, bli ikkje sein!

lørdag 7. februar 2015

Bollebaking med noko attåt i VOKS


På torsdag laga vi fastelavensbollar på VOKS. 
Det var mange nye som kom til VOKS, så medan vi venta på at deigen skulle heve fann Ola ut at vi kunne ha nokre leikar saman, for at vi kunne verte bedre kjend med kvarandre.


Etter ei runde med "funky chicken",  gjekk vi vidare til leiken "bunny bunny, bunny bunny".
Dette gjorde at dei fleste fort trakk på smilebandet, og sjølv om det var ein smule kleint, så var det ei grei døropnar til å bli kjend med nye.

Etter intens leiking, var bolledeigen endeleg ferdigheva.


Noko som gjorde at alle fekk leitt fram "husmora" i seg, og heiv seg
over bolledeigen med stor entusiasme.

 Her er Sunniva og Tonje i full sving med bollebaking.



Det gav og rom for småsnakk, med dei ein ikkje hadde helst på før.

Ein fantastisk gjeng i full sving, nokon meir ivrige til å bake enn andre.

Så vart bollane satt til heving, og medan dei vart steikt satt vi oss rundt
småbord og holdt på med quis.

Dei første spørsmåla var i historie, etterfulgt av geografi, kultur, diverse og året 2014.

Konkuranseinnstinktet tok over hjå dei fleste.

Den andre delen av quissen var bilete av VOKSerar, og søsken til VOKSerane.
Så då skulle ein ut ifrå bileta kunne tippe kven som var avbilda.

Janne  kjempegira på å lese opp fasiten.

Etter opplesing av resultata var bollane ferdigsteikte. 

Noko som gjorde at folket strauma til.



Ekte fastelavensbolla med mykje krem.

Skrytebilete av kor fantastiske bollane vart.

Eit bilete seier meir enn tusen ord, og som ein kan sjå på dette bilete smakte bollane fortryllande.

Medan vi åt bollar, hadde Ola andakt. Han snakka om kva det vil seie å leve som ein disippel,
med utgangspunkt i Peter. Korleis det er viktig å forstå at det Jesus som gav livet sitt for oss, og at han ikkje forventar at vi skal kunne elske han på same måte som han elska oss. Vi skal leve livet vårt for Jesus, men om vi prøvar å elske Jesus med den same kjærleiken som han elska oss med vil vi ikkje strekke til. På same måte som Peter opplevde at han ikkje strakk til. Når han sa at han var villig til å døy for Jesus, men same natta fornekta at han kjende Jesus tre gonger. Ola viste og korleis Jesus møtte Peter i etterkant av at Peter svikta.

Ola avslutta med Bibelverset 1Joh 4:10 
"Ja, dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska Gud, men at han har elska oss
          og sendt sin eigen Son til soning for syndene våre."

Etter andakta vart det tid for meir snakking rundt borda. Ein fantastisk kveld, med mange herlege folk!

tirsdag 3. februar 2015

Studentforum 2015

Denne helga var det studentforum på Bjorli, temaet for helga var "Disippelliv". Frå VOKS reiste ti av medlemmane, der det diverre berre var to av studentane som hadde moglegheita til å reise slik at dei var der når studentforumet starta på torsdagen.På forumet var det rundt hundre studentar og lagsansatte ifrå heile landet.



På torsdag var det innlosjering, teambuilding og Bibelstudie som stod på programmet
Kvelden vart avslutta med møte der  Bjørn-Inge Aurdal, som er lagsansvarleg i Møre og Romsdal, hadde ei andakt. 

Bjørn-Inge Aurdal med ein namnebror han kom godt overens med.
Som ein kan sjå så stortrivs dei begge i kvarandre sitt selskap!
.


Fredagen starta med induktivt Bibelstudie, der ein gjekk saman i grupper og las tekster henta ifrå Efeserbrevet i fellesskap, dette var gjort vart gjort ved hjelp av heftet; "SE! TENK! LEV!", som er ei innføring av induktive Bibelstudier. Dette gjorde at vi fekk granska tekstane, og reflektert rundt innhaldet i fellesskap.

Etter ein stille lunsj, var det skibakken som var hovudfokuset for ein del av studentane.
Når dei alle hadde fått seg eit lite pust i bakken, så samlast vi igjen til seminar. Der alle seminara etter rykta var verdt å få med seg!


Når kveldsroa hadde senka seg var det duka for møte, der Tove Tuntland hadde ei andakt, før kvelden vart avslutta med veldig underhaldande improteater, der nokre av studentane fekk vist sine ukjendte teatertalent.

Tonje Ådnanes, Anders Slinning og Sondre Stensbøl, tidleg ute for å sikre seg dei beste plassane.



Laurdagen starta på same måte med induktiv Bibelstudie, avslappning, og stille lunsj før det bar ut i skibakken for dei mest ivrige skientuiastane. Med tane på at dei fleste som var med ifrå Volda studerar friluftsliv så var dei klar til å springe til skitrekket før dei fleste av oss andre hadde vakna skikkeleg enda.

Etter skibakken var det duka for nettverksamlingar. Dette var gjort slik at leiarane for dei forskjellege studentlaga som var representerte samla seg, dei som skal jobbe med aksjonveker samla seg og dei som ville vite meir om korleis Bibelstudie "Uncover" kan brukast og fungerar samla seg. 
Det var veldig givande å få reflektert saman med andre, og møtast på tvers av studentlaga å fortelje korleis ein jobbar på sin studiestad.



Når Middagen var vel fordøyd, var det kveldsmøte, der Therese Thelle hadde andakt. 

Dei fantatsiske lovsongarane
                                                                                    .



Anders Slinning, gira på møte som vanleg.



Etter møtet var det fritid der ein fekk moglegheit til å verte betre kjent. Denne kvelden vart brukt til mykje fjasing, som bilda nedover vil vise.




Sondre Stensbøl og Janne-Renate Nygård visar fram sine sjarmerande trekk.
                       



Kvelden gjorde òg at Anders sine sjarmerande trekk kom synleg fram.



Tonje Ådnanes vart inspirert av dei andre til òg å vise seg ifrå si beste side.




Sjølv om dei fleste av oss var mest frista til å sove bort søndagen, så kom vi oss opp. Dagen starta med induktiv Bibelstudie, og etter at vi var ferdig med å pakke var det duka for møte. Der var det Tor Erling Fagermoen som hadde andakta. Når den var ferdig var det middag, før avskjedsrunda starta.

Voldagjengen poserar som bjørnar, nokon meir vellukka i forsøket enn andre.


Dette har vore ei fantastisk helg! Det å kunne møte studentar som på mange måtar har dei same utfordringane og spørsmåla som ein bèr på sjølv, er verkeleg noko som alle bør få oppleve!
Så om du ikkje fekk moglegheita til å vere med på studentforum i år, så anbefalar eg deg på det sterkaste å gjere deitt beste for å få det med deg iløpet av studietida di.
Det vert ei langhelg du ikkje vil angre på!